ASLAK BRIMI KVARTETT

I 2018 kom Aslak Brimi Kvartett med albumet Vev, og vart spelmannsprisnominert for denne. Kvartetten lager ein fargerik, tett og intens musikkvev med trådar frå tradisjons-, kammer- og verdsmusikken. Ny musikk og det nye albumet ISOMERI kom vinteren 2021.

Aslak Brimi Kvartett - foto: Johannes Selvaag
Aslak Brimi Kvartett - foto: Johannes Selvaag

Aslak Brimi kvartett er Aslak Brimi (fele), Bjørn Kåre Odde (bratsj/fele), Svein Tore Werstad (saksofon) og Espen Wensaas (gitar/cittern). 

Eg er privilegert som har gått i spelmannslære i Lom spelmannslag. Det er eit stolt og historierikt lag, og eit spelmannsmiljø fylt med humor og glede. I Lom har det alltid vore mange skapande og kunstnarisk aktive spelmenn, og Lom spelmannslag har gjerne teke i bruk nylaga slåttar. Mange nye slåttar har kome inn i spelmannsrepertoaret, og over tid har det blitt ein god og fin tradisjon for å lage slåttar i tradisjonell stil.

Eg har spelt mange slåttar som spelmenn frå Lom har laga, og det er ingen tvil om at eg har blitt inspirert av desse. Som spelmenn før meg har eg laga slåttar med stemning slik eg opplever musikken, folka, naturen og fjella i heimbygda. Og nokre med tråder og farger frå heilt andre plasser og folk. 

Prosjektet har vore støtta av Norsk kulturfond, FFUK, Fond for lyd og bilde, Lom kommune, Lom spel- og dansarlag, og Sparebank 1  Lom og Skjåk. 

I kvartetten er det med fantastiske musikarar. Bjørn Kåre Odde har gått same spelmannskule som eg i Lom spelmannslag, og tok vegen enda lenger på NMH. Dette har ført til at han er ein av dei råaste, tryggaste og dyktigaste musikarane eg kjenner. Espen Wensaas er ein fantastisk slåttegitarist, og er ein utruleg fargerik, engasjert og nyansert musikar. Svein Tore Werstad har eg kjent og spelt med sidan studietida i Trondheim. Eg har alltid vore bergteken av lyden og suget av barytonsaksofon, og Svein Tore har ei rytme og melodikjensle vi andre kan misunne han.

I lag lagar vi ein musikkvev. Fargerik, tett og intens.

Aslak Brimi is a prominent fiddle player in the Norwegian folk music community, and in 2016 he started the ensemble Aslak Brimi Quartet. With him he has the musicians Bjørn Kåre Odde (fiddle/viola), Espen Wensaas (guitar/cittern), and Svein Tore Werstad (saxophone). The idea of the music is a tightly wowen and nicely arranged music inspired by the Norwegian folk music, jazz and chamber music. They play rhythmical and beautiful tunes which gives clear associations to the folk music tradition of the Gudbrandsdal valley. The quartet was nominated for Norwegian Grammy for their debut album "Vev" in 2018. 

I 2018 kom Aslak Brimi Kvartett ut med albumet Vev. Albumet vart nominert til Spelmann 2018. 

Aslak Brimi (fele), Bjørn Kåre Odde (bratsj/fele), Svein Tore Werstad (saksofon) og Espen Wensaas (Cittern). Produsent: Ole Nilssen. Grafisk: Heidrun Laugsand. Utgjeve på talik records as. 

I februar 2021 kom kvartetten med albumet Isomeri.

Aslak Brimi (fele, song), Bjørn Kåre Odde (bratsj/fele), Svein Tore Werstad (saksofon) og Espen Wensaas (Cittern). Produsent: Aslak Brimi/Andre Viervoll. Grafisk: Heidrun Laugsand. Foto: Johannes Selvaag. Utgjeve på talik records as.  

Brimi Music / Aslak Brimi / Kontakt: aslakbrimi(att)gmail.com
Drevet av Webnode
Lag din egen hjemmeside gratis! Denne nettsiden ble laget med Webnode. Lag din egen nettside gratis i dag! Kom i gang