ASLAK BRIMI

Å spele solo på fela er noko av det mest trygge og fantastiske eg gjer. Det er meditativt og skjerpande, og samstundes så medvetent og eit utløp for kjensler og stemningar i sinnet. Å spele solo er den mest tradisjonelle av spelformer. Det gjev både meg og tilhøyrar høve til å lytte til både store og små detaljar og klangar berre ei fele kan gje. 

Aslak Brimi - foto: Marit Sletten
Aslak Brimi - foto: Marit Sletten

Kappleikscena er i dag den mest vanlege arenaen å spele solo fele, men eg spelar gjerne solo fele både til dans og til konsert. Og ikkje minst på plate. Eg har to soloplater bak meg. Den fyrste frå 2006 ga eg ut Blå september, der bestefar Hans W. Brimi har halvparten av spora, og eg resten. Den andre ga eg ut i 2017, ette' Lykkja, der musikken etter Ola Moløkken (1871-1957) er eit tema.

Mitt mantra tek utgangspunkt eit utsagn skribent og lærar i Lom, Jo Turtumøygard, skreiv ned etter å ha intervjua spelmannen Ola Moløkken: 

Kunsta må vera som det rennande vatn: Det må vera levande samanheng med utspringet, men alltid med friske tillaup

Dette høver så godt inn i musikktradisjonen og -bakgrunnen eg kjem frå i Lom spelmannslag. Her har det vore fokus på å vidareføre og tradere den gamle musikken, og alle former og varianter og slåttetyper har vore brukt. Samstundes har det vore ope og velkoment å kome med nylaga slåttar. Både solospelmenn i laget og spelmannslaget sjølv kunne ta dei i bruk. Det har eg sjølv opplevd, og det er noko særs ærefullt ved ei slik tillitserklæring. Dette gjev samhald og gjensidig respekt.

KJELDENE OG INSPIRASJON 

Det er i heimgrenda Garmo i Lom eg har musikkrøtene mine. Her var Ola Moløkken den store spelmannen i tida frå slutten av 1800-talet. Det var ikkje mange kjende spelmenn da Ola var ung og aktiv spelmann. Men rundt Ola vaks det opp eit rikt musikkliv med mange dyktige felespelarar. Dette har halde seg til vår tid.

Moløkken var læremeister og stilskapar utover 1900-talet, og vi heldige som har nokre få opptak av Ola frå 40-talet. Han laga også slåttar, noko som inspirerte yngre spelmenn til å gjere det same. Ola vart eit naturleg sentrum i Lom spelmannslag da det vart stifta i 1942. Spelmannslaget har fostra mang ein dyktig spelmann. Ein av dei aktive i laget var Sjugurd Garmo (1896-1991), gardbrukar og felespelar frå Garmo i Lom. Han var særleg aktiv spelmann og komponist etter at han ga frå seg garden. Da var han mykje i fjellet og laga mange slåttar med inspirasjon frå Heimfjellet, og hans slåttar og måte lage fengjande og originale melodiar er til stor inspirasjon. (Du finn meir info om Sjugurd her)

Ein annan som var engasjert i Lom spelmannslag heile livet, og som lærte av både Sjugurd og Ola, var Hans W. Brimi (1917-1998), bestefaren min. Han var ein aktig og engasjert tradisjonsbærar; spelmann fyrst, deretter gardbrukar. Han hadde eit utruleg stort repertoar av slåttar og historier, og er ein av dei det er skrive opp flest melodiar etter i dei to første binda av 'Slåttar for vanleg fele'. Hans hadde i alt 13 fyrsteplassar på Landskappleiken, komponerte over 50 slåttar og var aktiv formidlar og førelesar ved Ole Bull Akademiet på Voss i fleire sesongar. Hans var heidersmedlem i Landslaget for spelemenn. Han ga ut mange plater, både solo og i samspel med t.d. Jo Faukstad, Mary Barthelemy, Geirr Lystrup og Pernille Anker. Du kan lese meir om Hans W. Brimi og hans musikk her.

Ellers er det mange spelmenn rundt om som har inspirert meg og lært meg mykje. Far min, Rolv Brimi, har alltid vore ei stor kjelde og støttespelar, og er nok den eg har lært mest av. Bjørn Odde var den eg gjekk i spelmannskule hjå, og har vore ei positiv stjerne i mi utvikling som spelmann. Elllers har både Amund Bjørgen og Knut Kjøk vore viktige inspirasjonskjelder heime i spelmannslaget. Nå i seinare tid er det samspelet og samværet med Astrid Sulheim og Bjørn Kåre Odde som har vore ei av dei viktigaste drivkreftene for meg.


DISCOGRAFI

  • Aslak Brimi Kvartett, ISOMERI, plateselskapet ta:lik 2021. 
  • Huldra Hildur, bok og barneplate, plateselskapet ta:lik 2020.
  • Atterljomen, Tonar i tre, plateselskapet ta:lik 2019.
  • Aslak Brimi / Knut Anders Vestad, Det er så fagert i fylgja gå, plateselskapet ta:lik 2019.
  • Mari Midtli / Aslak Brimi, Bergtatt, plateselskapet ta:lik 2019.
  • Aslak Brimi Kvartett, Vev, plateselskapet ta:lik. 2018
  • Aslak O. Brimi, solo, ette´ Lykkja, plateselskapet ta:lik. 2017
  • Sulheim/Odde/Brimi, Atterljomen, plateselskapet ta:lik. 2016
  • Aslak O. Brimi & Erlend Viken, Ho venta på rock, plateselskapet ta:lik. 2011
  • Aslak O. Brimi & Erlend Viken, Duo, plateselskapet ta:lik. 2009
  • Aslak O. Brimi & Hans W. Brimi, Blå september, plateselskapet ta:lik. 2006

Andre plateutgjevingar eg har vore delaktig på:

  • Tor Jonsson Orkester med Aasmund Nordstoga, Einseto, Just for the Records. Med som musikar, produsent og komponist. 2016
  • Rolv Brimi og Aslak Brimi, Nå skal eg sulle, bok og CD. Med som prosjektleiar, noteskrivar, skribent og produsent. Utgjeve på selskapet ta:lik. 2016
  • Gudbrandsdølenes spelemannslag, OSLO, talik records. Rolle som musikalsk leiar og produsent. 2015
  • Rimrose, med Hildegunn Hovde, Ole Jonny Bekkemellem og Geir Thorud, eige forlag. Viseplate. Rolle som musikar og komponist. 2014
  • Svermere, Tonekratt, plateselskapet ta:lik. Folkjazz. 2013
  • Diverse artister, W. - musikk av Hans W. Brimi, Heilo / Grappa. Folkemusikkplate. Hadde rolle som produsent og prosjektleiar, samt musikar saman Erlend Viken, og som musikalsk leiar i Gudbrandsdølenes spelemannslag. 2012
  • Reidar Svare med Svermere, Fjellblomen, Svermere Musikk. Viseplate. Rolle som co-produsent, komponist og musikar. 2011
  • Svermere, Sylfest Mork, Svermere musikk. Folkjazz. 2010
  • Diktarplager, På gjengrodde stier, Grammofon. Viseplate/Kaberet. Rolle som musikar og komponist. 2009
  • Diktarplager, Evig er ordet, Grammofon. Viseplate/Kabaret. Rolle som musikar og komponist. 2008
  • Snaustrinda spelemannslag, Raataluupii, eige utgjeving. Rolle som produsent, prosjektansvarleg og musikalsk leiar. 2006
Lom spelmannslag ca 1955 med Hans W. Brimi og Ola Moløkken midt på framme - foto: privat
Lom spelmannslag ca 1955 med Hans W. Brimi og Ola Moløkken midt på framme - foto: privat

Min musikk har eg fyrst og fremst etter far min. Far min var på si fyrste øving i spelmannslaget i 1955. Dette var og den siste til Ola Moløkken. Tomrommet etter Ola fylte seg etterkvart med nye og dugande spelmenn. I dag er vi mange aktive spelmenn og -kvinner som bruker og vidarefører denne  kulturarven.

Eg kom med soloalbumet ette' Lykkja i 2017. Albumet vart nominert til Folkelarm-prisen same året. 

Albumet er utgjeve på talik records as. Innspelt live på Riksscenen i november 2016. Gjester: Geir Thorud, Bjørn Kåre Odde og Gudbrandsdølenes spelmannslag. Grafisk: Heidrun Laugsand. 

Brimi Music / Aslak Brimi / Kontakt: aslakbrimi(att)gmail.com
Drevet av Webnode
Lag din egen hjemmeside gratis! Denne nettsiden ble laget med Webnode. Lag din egen nettside gratis i dag! Kom i gang