ATTERLJOMEN

Astrid Sulheim, Bjørn Kåre Odde og Aslak Brimi 

Odde / Sulheim / Brimi serverer tett samspel og vakre arrangement spelt med tre feler. Arrangementa er varierte spennande, men godt forankra i den tradisjonelle musikkarven. Det er frå det enkle samspelformer som bygger opp om melodien, til meir intrikate stemmer og harmoniar som gjev slåtten ei heilt ny drakt.

Musikaren Gabriel Fliflet skriv om Atterljomen:

Tre av landets fineste spillemenn, fra en uvanlig musikalsk fjellbygd. Lom ligger opp mot Jotunheimen, og her har det i generasjoner levd markante spillemenn som har satt dype spor. Denne konserten tar utgangspunkt i arven etter én av dem: Sjugurd Garmo, som var en mester i å lage særpregede og iørefallende melodier. Astrid Sulheim, Bjørn Kåre Odde og Aslak Brimi er alle godt under førti, men for lengst tungt behengt med priser og respekt. Vi fortrylles!

PROSJEKT 2019: TONAR I TRE

Hausten 2019 kom Atterljomen med albumet "Tonar i tre", og her har dei teke for seg slåttekomposisjonar frå Lom og Skjåk. Her er slåttar av Erling Kjøk, Hans Brimi, Fel-Jakup, Ola Åsen, Anton Marstein, Else-Lars, og mange mange fleire. 

All muskk er arrangert av dei i trioen, mest av Bjørn Kåre. Og som gjestemusikar har vi med Anders Löfberg på cello. 


Albumet fekk fin melding i bladet FolkemusikkOm det finnes ei supergruppe med røtter i feledistriktene på Østlandet, så er navnet Atterljomen.  

PROSJEKT 2016: SJUGURD GARMO

Fyrste prosjektet til Odde/Sulheim/Brimi var å gå i djubda på Sjugurd Garmo sin musikk. 

Sjugurd var ein gardbrukar utan musikkutdanning eller musikkbakgrunn. Ingen storspelmann. Berre ein mann umåteleg glad i naturen og med sans for dei vakre og fengjande melodiane. Han laga melodier som verka som spira opp frå sjølve jorda. 

Sjugurd Garmo er det ein kan kalle eit musikalsk unikum. Han vart født i 1896, og vart oppfostra av mora og tanta si. Han var aleinebarn og odelsgut på Oppigard Garmo, ein storgard i fjellkommunen Lom. I eit hardtarbeidande liv som bonde vart det lite speling og øving, men likevel laga Sjugurd tonestykker som ikkje likna noko anna. Og som 50-åring ga han fra seg gården på odel, og musikken kunne blomstre.

Musikken til Sjugurd vart tatt inn i repertoaret hos samtidige musikarar. Det var originale, melodiøse og drivande tonestykker som kom fram i ljoset. Melodiar som overraska og greip lyttarane. Det vart til saman over 50 komposisjoner, og da Sjugurd gikk bort som 95-åring var han eit kjent og litt myteomspunnet namn i folkemusikken.

Våren 2016 kom albumet Atterljomen, samt eit notehefte med nedteikningar av alle slåttane Sjugurd Garmo laga. 

Albumet er gjeve ut på talik records as, og spelt inn i Skjåk lydstudio med Fridtjof Lindeman som teknikar. Alle slåttane på albumet er komponert av Sjugurd Garmo. Grafisk/foto: Live Andrea Sulheim

Brimi Music / Aslak Brimi / Kontakt: aslakbrimi(att)gmail.com
Drevet av Webnode
Lag din egen hjemmeside gratis! Denne nettsiden ble laget med Webnode. Lag din egen nettside gratis i dag! Kom i gang