HANS W. BRIMI

Gardbrukar og musikar Hans W. Brimi (1917-1998) var ein nestor innan tradisjonsmusikken i Nord-Gudbrandsdalen

Hans W. Brimi (1917-1998) frå Lom i Gudbrandsdalen, spelte vanleg fele og var ein svært aktiv folkemusikker i over 60 år. Han er rekna som både ein viktig tradisjonsberar og ein vesentleg nyskapar. Han spelte inn mykje for NRK, konserterte i Rikskonsertane, underviste på Ole Bull-Akademiet i fleire år, og ikkje minst var han svært aktiv på kappleikar i over 40 år. For sitt liv med folkemusikken vart Hans heidra med Kongens fortenestemedalje i gull, Kulturprisen for Gudbrandsdalen og Kulturprisen for Lom Kommune. Han var æresmedlem i LFS og fekk Haugerudmedaljen og Hilmar Alexandersens Minnepris. 

Listen to Hans W. Brimis album "Hyljarhildring" on spotify.

Listen to Hans W. Brimi og Aslak Brimi on "Blå September" on Spotify.

Hans og Jon i USA - foto: privat
Hans og Jon i USA - foto: privat

Gjennom mange år farta han rundt som musikar både i Noreg og i utlandet. Han spelte i lag med spelmenn som Geir Egil Larsen, Jon Faukstad, Pernille Anker og Mary Barthelemy. Han spelte inn mange plater, og var nominert til spelmannspris fleire gonger.

Som nyskapar laga han både springleikar, runddansar og hallingar, men er kanskje mest kjent for lydarslåttane. Han spelte an utvikla til eit større format med samansetjing av taktartar og sjangertyper. Det er noko veldig lyrisk og melodiøst i nyskapingsmusikken hans, og han var veldig oppteken av dåm og klang. Han skapa mykje musikk på ulike felestiller (felestemmingar) noko som fører til at kalng og stemningane vert veldig ulike. 

Listen to Brimi og Faukstad on Spotify.

Han var ein tradisjonstru spelmann sjølv, men satte likevel sitt preg på spelet. Og generelt var han ein forkjempar for at folk må få spele som dei sjølv vil og formar spelet. Han sa det slik:

Kvar enkelt spelemann må tolke slåtten ut frå seg sjølv. Ja, sjølv ein nyskapingsslått kan bli tolka annleis når ein annan enn den som har laga slåtten spelar han. Dette har eg opplevd sjølv mange gonger (...) og ingen av dei spela slåtten slik eg ville gjort det. Spelemannen lever seg inn i slåtten, gjev noko av seg sjølv i spelet. Dette er folkemusikk. 

Hans W. Brimi var ein jordnær person som såg det gode i alle menneske. Han ynskde det beste for folk og fe, og var knytt til naturen og fjella. Heimfjellet og setra var hans paradis på jord, og mykje av musikken hans er skapt her. I seterboka skreiv han følgande vesle tekst om Heimfjellet innanfor heime:

Innanfor heime ligg eit heimfjell,
og ein såmårdag som er på hell -
du store min, sjå Havyrju, Rivilein og Fosstulmyr,
det er som eit motsolsbilde i eit eventyr.

Du kan vera stolt, du Kvitingkjøl,
som får vera konge i eit rike som er som før.

Eg går i sjøldæle mot eit Ilvetjønnhol
og finn den ytre stillheit og den indre ro.

Ei fele, bergtikjin tå sjølve lende,
spelar nokre vare tone i moll og i pakt
med eit Heimfjell
som er heilagt.

(gå hit for å få det opplese av Even Lusæter) 

Brimi sæter - foto henta frå brimiland.no
Brimi sæter - foto henta frå brimiland.no

Tilgjengeleg for salg er m.a. boka Den vare tonen, ein biografi om Hans W. Brimi skrive av Arvid Møller, og noteheftet Bergtikjin fele, ei samling med alle komposisjonane til Hans W. Brimi. Gå hit for å kjøpe heftet samt CDer og andre produkter.

Brimi sæter er i dag ei aktiv og innovativ bedrift med fokus på ysting og turisme. Finn ut meir om Brimi sæter og Brimiland her: https://www.brimiland.no.

Brimi Music / Aslak Brimi / Kontakt: aslakbrimi(att)gmail.com
Drevet av Webnode
Lag din egen hjemmeside gratis! Denne nettsiden ble laget med Webnode. Lag din egen nettside gratis i dag! Kom i gang