HULDRA HILDUR

Dette er eit musikkprosjekt for barn med tekst og musikk av Aslak Brimi. Det er både bok, lydbok med musikk, ei eiga barneplate, samt forestillingar og konsertar. 

Bok med lydbok kan bestillast inne på "KJØP"-fanen, og albumet finner du på alle strøymetenester. 

Med på laget er Mari Midtli med sang og som huldra, Mads Erik Odde på trekkspel og som arrangør, Even Lusæter som innlesar og forteljar, og Pål Svindland og Espen Wensaas som musikarar. 

Grafikar og teiknar Agnetha Berg har laga vakre og varme illustrasjonar til forteljinga. 

Musikken og boka vert gjeve ut på selskapet ta:lik. 

Utgjevinga av bok og musikk er støtta av Norsk kulturfond, Innlandet fylkeskommune, Lom kommune, Sel kommune, Vågå kommune, Vågå spel- og dansarlag, Sel og Otta spel- og dansarlag, Lom spel- og dansarlag, Austmannalaget, Mållaget Ivar Kleiven, og Sparebank 1 Lom og Skjåk. Komponist- og prosjekteringsarbeidet er støtta av Norsk Kulturrådet, Såkornmidler fra NOPA og Innlandet fylkeskommune. 

"Med utgangspunkt i feletradisjonen i Ottadalen har Aslak Brimi etter hvert blitt en drivkraft i et bredere kulturlandskap der også viser og melodisk jazz har en plass. Nå er visetekstskrivingen altså tatt videre til bokformatet. Eller skal vi kalle det en naturmystisk barnemusikal fra byen og fjellet? (...) Forfatterdebutant Brimi har lykkes med å lage ei historie i ord og toner som bør treffe barn både i by og bygd - en fortelling som også kan gi dagens travle småbarnsforeldre ett og annet å tenke over." 

(Utdrag frå melding på folkemusikk.no far 15.01.2021. https://www.folkemusikk.no/aslak-brimi-huldra-hildur/ ) 

Interessert i å få besøk av huldra?

Vi kjem gjerne på besøk og har framsyninga for dykk. Vi  vil sjølvsagt helst stille alle seks, og ha fullskala framsyning, men kan i visse tilfeller stille med nedskalert framsyning med berre tre eller fire. Meir info om framsyninga finn de i følgande info-flyer.

Bokframside: Illustrasjon av Agnetha Berg, og grafisk formgjeving gjort av Heidrun Laugsand. 

Eit par utklipp frå boka:


Innspelinga av "Huldra Hildur" var på Gammel-Kleppe - dokumentert av musikarane sjølve.