MARI MIDTLI / ASLAK BRIMI

Mari Midtli og Aslak Brimi er av dei beste utøvarane av folkemusikk i dag, og vann kvar si gjævaste klasse på Landskappleiken 2019. I fleire prosjekt samarbeider dei med klassiske musikarar enten i kammerorkester eller strykekvintett.    

Aslak Brimi / Mari Midtli. Foto: Johannes Selvaag
Aslak Brimi / Mari Midtli. Foto: Johannes Selvaag

Spennande, sjangeroverskridande, varmt og vakkert - dette skildrar musikken som skapast mellom eit dynamisk og frittspelande strykarar og to av dei beste folkemusikkutøvarane vi har. Mari Midtli på song og Aslak Brimi på fele er begge framifrå formidlarar av tradisjonsmusikk, og ilag med fantastiske musikarar frå kammermusikken får musikken ukjente dimensjonar. Utganspunktet er folkemusikk frå Nord-Gudbrandsdalen arrangert ut for strykeorkesteret og fele- og song-solistar. Dette er heftig, stor og intrikat musikk.  

Mari og Aslak er etablerte og velrenomerte utøvarar av tradisjonsmusikken i Gudbrandsdalen. Mari Midtli er ein ung, men erfaren musikar, og av dei viktigaste formidlarar av folkesong frå Gudbrandsdalen. Aslak Brimi er av dei mest aktive og engasjerte felespelarane i denne tradisjonen. Saman er desse to ein spennande kombinasjon av song og felespel med to av dei beste utøvarane i tradisjonsmusikk også på landsbasis. 

Midtli og Brimi har mellom anna samarbeidd med Sinfonietta Innlandet, eit kammerorkester utan utanforståande dirigent og er dimed eit utruleg dynamisk og lydande orkester som er god på rytmikk og det å følgje ein solist. Musikalsk leiar i orkesteret er Atle Sponberg.

I plateprosjektet "Bergtatt" tek ein utgangspunkt i både ny og tradisjonell folkemusikk frå Gudbrandsdalen. Det blir gamle slåttar og songar, og det blir nye slåttar i gamal stil - mellom anna komposisjonar av Aslak Brimi. Utarrangeringa er det arrangør og komponist Knut Anders Vestad som står for. Plata vert ei samling slåttar godt forankra i slåtte- og tradisjonssongmusikken frå Gudbrandsdalen, med både enkle og nære soloinnslag, og med stort uttarrangerte innslag der dei klassiske utøvarane blir med inn i folkemusikkverda.

Seinare har dei arbeidd saman med ein frittståande strykekvintett i prosjektet "Skaldespor". Dette er eit nytt verk skrive av Aslak Brimi og Bjørn Kåre Odde spesielt for denne konstellasjonen. Musikken vart urframførd under Diktardagar 2019. 


Singelen Myrull vart lansert januar 2019, og albumet Bergtatt februar 2019. 

Myrull på Tidal: https://tidal.com/track/101477401 
Myrull på Spotify: https://open.spotify.com/track/2rcGJrL4dTKymh1DLzEZMK?si=7DJ4ot6hR-2xuHAnH6lvRQ 

Mari og eg har med oss fantastiske Sinfonietta Innlandet, Gudmund Bolstad Skjær på gitar og Sidiki Camara på perkusjon. Strykearret er det Knut Anders Vestad som står bak. Johannes Selvaag er fotografen og Heidrun Laugsand står for det grafiske. Songen og albumet vart spelt inn i det utruleg kule Newtone Studio med Aksel Jensen og Andre Viervoll ved spakene.

Prosjektet BERGTATT har fleire økonomiske bidragsytarar.  Lanseringskonsertane i februar 2019 var støtta av Fond for lyd og bilde, Thon Hotell Otta, Oppland Fylkeskommune, Sparebank 1 Lom og Skjåk og Ottadalen Mølle. 

Økonomiske støttespelarar til albumet BERGTATT er fyrst og fremst vår mesen, Nils Øveraas, samt MFO vederlagsfond, Sparebank 1 Gudbrandsdal, Sel Kommune, Sparebank 1 Lom og Skjåk, Lom kommune, Sel og Otta spel- og dansarlag, Brimi Sæter, Norsk Fjellsenter, Brimi fjellstugu, Arne Brimi og Vianvang, Coop Ottadalen, Lom spel- og dansarlag, Stiftinga Solrenning og Gudbrandsdal folkemusikklag.

Konsert Riksscenen. Foto: Knut Utler
Konsert Riksscenen. Foto: Knut Utler
Konsert Riksscenen. Foto: Knut Utler
Konsert Riksscenen. Foto: Knut Utler
Konsert Riksscenen. Foto: Knut Utler
Konsert Riksscenen. Foto: Knut Utler

Både ved urframføring av verket HEIMFJELL under hovudkonserten i 100-års jubileumet for Hans W. Brimi ved Tesse i august 2017, og ved oppføring på Rudi Gard i samband med Gudbrandsdal Musikkfest fredag 6. oktober [2017], har verket sine openbare kvalitetar kome veldig godt til syne. Dette er rett og slett flott og nyskapande musikk som fortener eit langt liv i det spennande repertoaret som nå er i ferd med å utvikle seg i skjeringspunktet mellom klassisk folkemusikk og folkeleg klassisk. Vi kjenner båe solistane godt frå mange samarbeid. Det første samarbeidet Mari Midtli hadde med eit strykeorkester fann stad her på Rudi Gard i 2015, og Mari har etter det hatt mange solistroller nettopp med ulike orkester. Mari er ein av våre aller mest framgangsrike unge og aktive folkesongarar! Aslak Brimi er toppspelemann i norsk folkemusikktradisjon, og vart kåra til årets folkemusikar - "the one and only" - i 2016. Aslak hadde også eit år som fulltidsspelemann på kunstnarstipend i 2016, og eg er imponert over produktiviteten. Rask konkludert er det slik at gjennomføringsevna er stor. Desse to satt i front av eit orkester er fantastisk. 

Øystein Rudi, spelmann, og eigar og drivar av Rudi Gard

Brimi Music / Aslak Brimi / Kontakt: aslakbrimi(att)gmail.com
Drevet av Webnode
Lag din egen hjemmeside gratis! Denne nettsiden ble laget med Webnode. Lag din egen nettside gratis i dag! Kom i gang