ASLAK BRIMI

Aslak Brimi er ein nyskapande tradisjonalist. Han er stolt engasjert i den tradisjonelle musikken, men arbeider også som nyskapar og med sjangerblandande musikkuttrykk.

Hans W. Brimi var ein nestor i si tid innan slåttemusikken og musikkulturen i Lom og Gudbrandsdalen. Aslak Brimi vidarefører musikk- og kulturarven etter bestefaren, og er på same tid nyskapar og initiativtakar til nye prosjekter av ulikt slag.

Aslak Brimi - foto: Ingvil S. Ljones
Aslak Brimi - foto: Ingvil S. Ljones

Kunsta må vera som det rennande vatn: 
Det må vera levande samanheng med utspringet, men alltid med friske tillaup.